fredag 24. mai 2013

Kjømeister (Austlendingar, les; Toastmaster)

Kjømeister eller kjøkemester, var ein av dei viktegaste «embetsmenn» ved bryllup og gravøl i gamle dagar. Kjømeisteren sitt ansvar var å sjå til at laget gjekk føre seg i sømmelege former, og at alle lokale reglar for slike lag vart fulgt. Hans særlege plikt var å halde talar, synge og lese ved bordet. I tillegg skulle han ha overoppsyn med servering av mat og drikke. Kjømeisteren måtte derfor ha ein sterk autoritet, som han likevel ikkje måtte misbruke. Den gode kjømeister var ein respektert mann i bygda. 

Vi har studert gjestane våre nøye og kome fram til at den som passar best til denne oppgåva er Øystein Nordahl Moe. Han er gift med venninna til Merete, Ingrid og er far til Andreas sin kompis, Sigurd. Dersom du ønskjer å seie nokre ord til brudeparet på den store dagen set vi pris på om dette vert meldt inn til Øystein i forkant av bryllupet og seinast den 18.juni. Telefonnummeret til Øystein er 91 39 42 09.