fredag 24. mai 2013

Kjømeister (Austlendingar, les; Toastmaster)

Kjømeister eller kjøkemester, var ein av dei viktegaste «embetsmenn» ved bryllup og gravøl i gamle dagar. Kjømeisteren sitt ansvar var å sjå til at laget gjekk føre seg i sømmelege former, og at alle lokale reglar for slike lag vart fulgt. Hans særlege plikt var å halde talar, synge og lese ved bordet. I tillegg skulle han ha overoppsyn med servering av mat og drikke. Kjømeisteren måtte derfor ha ein sterk autoritet, som han likevel ikkje måtte misbruke. Den gode kjømeister var ein respektert mann i bygda. 

Vi har studert gjestane våre nøye og kome fram til at den som passar best til denne oppgåva er Øystein Nordahl Moe. Han er gift med venninna til Merete, Ingrid og er far til Andreas sin kompis, Sigurd. Dersom du ønskjer å seie nokre ord til brudeparet på den store dagen set vi pris på om dette vert meldt inn til Øystein i forkant av bryllupet og seinast den 18.juni. Telefonnummeret til Øystein er 91 39 42 09. 

torsdag 25. april 2013

Oppdaterte ønskeliste

Vi har no to ønskelister og begge butikkane finst i Førde, men også andre stader i landet. Vi har ei liste hos Tilbords og på den lista står også dei ønska vi har utanom interiør/servise etc. Den andre lista er hos Førde Glasmagasin, den er med i ei kjede som heiter "Designforevig" og finst over heile landet.

Listene vil sikkert bli oppdatert etter kvart, så visst du ikkje er nøgd med utvalet, så kan du sjekke innom listene med jamne mellomrom!

Veldig flott dersom de er flinke å merke av det de har kjøpt, så blir det minst mogeleg bytting av gåver!

Her finn du listene:
http://www.tilbords.no/weddinglist/public/view/id/b4c38f9569b77d756cff055fd5eb04ca

http://designforevig.no/onskelister/213/0/?view=wishlist_guest&list=22A04F57-699A-49ED-B042-5097D46B9FAA



tirsdag 23. april 2013

Kart og vegskildring

Det er litt avstand mellom kyrkja og Åmot Operagard. Nokre kjem med bil og nokre med fly, så det kan vere greit å vite korleis ein skal kome seg hit og dit!

Det er ca 30 km frå kyrkja i Naustdal og til Åmot Operagard.

Kyrkja ligg i sentrum av Naustdal og kan sjåast frå vegen. Frå Førde køyrer de rv 5 mot Florø i ca 12 km og der dukkar den vakre bygda opp!

Åmot Operagard ligg på Åmot (!) i Gaular kommune. Ein tar av frå E39 mot flyplassen (Bringeland), og tek så til venstre etter om lag 1 km. Då skal du være på fv 422. Frå de tek av, til Operagarden ligg vakkert til i åsen på høgre side, så er det om lag 3,5 km.

For dei med GPS, så kan de søke opp Fjæra i Naustdal (Sunnfjord) for å finne kyrkja. For å finne Operagarden så søkjer de opp Åmot i Gaular.

Her er eit kart med dei viktigaste opplysningane.
(Trykk på bildet for større versjon)


mandag 22. april 2013

Overnatting

For dei tilreisande er det fleire overnattingsplassar i nærleiken av Åmot Operagard:

• Furnes gard (1 km fra Åmot Operagard). Antall soverom er 4, med totalt 8 senger. Her er stort bad, kjøkken og stove. Pris pr. seng pr. natt er kr 250,-­

• Furnes gard Dalen (1 km fra Åmot Operagard). Antall soverom er 4, med totalt 8 senger. Pris pr. seng pr. natt er kr 250,- Max kr 1000 pr døgn. NB: Ikkje oppredde senger. Leige av sengetøy er kr 100 pp.

• Osen gard (3,5 km fra Åmot Operagard). Antall rom er 3, med totalt 7 senger. Pris pr. oppredd seng inkl. handkle pr. natt kr 30,- (kr 250 for evt. natt nr. 2) Kun eit bad/toalett. Det eine rommet er på loftet (bratt trapp). Her er eit enkelt kjøkken.

Dei som ynskjer overnatting på ei av overnevnte kan sende ei melding til Merete på 90 75 55 95 eller meretejuel@gmail.com innan 1.juni, så skal vi ordne med booking. 

Dersom de kjem til Førde på fredag vil vi anbefale overnatting i Førde da det er eit stykke mellom Bygstad og Naustdal. I Førde er alternativa Quality Hotel Førde (Tlf. 57000274), Rica Sunnfjord Hotel (Tlf. 57834000), Førde Gjestehus og Camping (Tlf. 46806000) eller Førde Pensjonat (Tlf. 7821164). Dette bookar de sjølve.

Plan for den store dagen!

Den store dagen vår byrjar i Naustdal Kyrkje med vigsle klokka 13.00 den 22.juni. Naustdal Kyrkje er også kjent som Sunnfjordkatedralen og vart bygd i 1891. Pål Arve vart konfirmert her og på 1.påskedag i fjor vart Andreas døypt her av den same presten som skal vigsle oss, Rigmor Frøyen.

Etter at vi er smidd i Hymens lenker skal vi fotograferast før det vert fest på Åmot Operagard i Bygstad. Vi kjem til å sette opp minibussar frå Naustdal og frå Førde til Åmot Operagard etter kyrkja. Desse vil også gå i retur på kvelden/natta slik at gjestane ikkje treng å ha med bil på festen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om transport når det nermar seg.

Det vert servert noko leskande når de kjem til gards og maten vert servert rundt klokka fire. Åmot Operagard vert driven av operabøndene Steinar Sørli og Yngve Brakstad. Steinar vart femte generasjons eigar av familiegarden da han overtok i 1997. Dei var ikkje klar for tradisjonell gardsdrift, men lidenskapen for god mat og musikk, da spesielt opera, gjorde at dei satsa på Åmot Operagard. Anbefaling av Åmot Operagard som reisemål på CNN i 2011 og kåringa Årets Reiselivsperle i Norge i 2012 er to av mange tegn på at dei har lykkast :) Med på laget har operabøndene kokken Christel Eide, som har samme lidenskap for gode lokale råvarer som oss! 

Vi gler oss :)


søndag 31. mars 2013

Bryllaupsfest for dei vaksne

I bryllaupet vårt ynskjer vi at alle skal slappe av, kose seg og nyte god mat og drikke! Dette, samt at det er litt begrensa plass på Åmot Gard, gjer at vi ynskjer eit barnefritt bryllaup. Vi håpar difor at alle småbornsforeldre som ikkje har ammeunge lengre klarar å finne barnevakt denne dagen. På denne måten kan alle vere med på festen! Ungar som framleis ammar er sjølvsagt velkomne :)

Ei lita orsaking... Og utvida svarfrist!

Vi må nok innsjå at vi var litt optimistiske når det gjaldt postgangen da vi satte svarfrist på invitasjonen... Vi beklager derfor til dei av dykk som fekk invitasjonen litt seint. Ny svarfrist for dei som treng litt lengre tid er 1.mai :)