Den store dagen vår byrjar i Naustdal Kyrkje med vigsle klokka 13.00 den 22.juni. Naustdal Kyrkje er også kjent som Sunnfjordkatedralen og vart bygd i 1891. Pål Arve vart konfirmert her og på 1.påskedag i fjor vart Andreas døypt her av den same presten som skal vigsle oss, Rigmor Frøyen.
Etter at vi er smidd i Hymens lenker skal vi fotograferast før det vert fest på Åmot Operagard i Bygstad. Vi kjem til å sette opp minibussar frå Naustdal og frå Førde til Åmot Operagard etter kyrkja. Desse vil også gå i retur på kvelden/natta slik at gjestane ikkje treng å ha med bil på festen. Vi kjem tilbake med meir informasjon om transport når det nermar seg.
Det vert servert noko leskande når de kjem til gards og maten vert servert rundt klokka fire. Åmot Operagard vert driven av operabøndene Steinar Sørli og Yngve Brakstad. Steinar vart femte generasjons eigar av familiegarden da han overtok i 1997. Dei var ikkje klar for tradisjonell gardsdrift, men lidenskapen for god mat og musikk, da spesielt opera, gjorde at dei satsa på Åmot Operagard. Anbefaling av Åmot Operagard som reisemål på CNN i 2011 og kåringa Årets Reiselivsperle i Norge i 2012 er to av mange tegn på at dei har lykkast :) Med på laget har operabøndene kokken Christel Eide, som har samme lidenskap for gode lokale råvarer som oss!
Vi gler oss :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar